Venneveka 2019

I veke 36 og 37 har vi venneveke på Åkra skule. Her har vi blant anna fokus på samhald, fellesskap, samarbeid og positive kjekke opplevingar. Veka avsluttast med eit kveldsaragement saman med foreldre og føresatte.

Veka starta med Kick off, med song og talar i gymsalen. Deretter gjekk vi ut, der elevrådsrepresentanten, Lina, klippa av snora, og dermed offisielt åpna det nye uteområde på skulen. Torsdag hadde vi ein kjekk og noko våt turdag til Speiderplassen. Fredag var det klart for årets Blime dans. Dansen er lagt ut på NRK Super (søk på Åkra skule) men du kan også sjå den her.

Måndag hadde vi leikedag på skulen. Elevene ble delt i grupper og vart sendt rundt på  ulike leikestasjonar.  Tysdag avslutta vi venneveka med ein kjekk og vellukka kveldsarrangement for alle elevar, foreldre og ansatte.

Under kan du sjå eit utval bilete frå dagane.

PS Saken oppdateres

.