Velkomen 1.- 4. trinn

No nærmar det seg opning av skulen for 1.-4. trinn. I samband med opning er det ein del endringar i forhold til korleis skulen blir drive. Meir utfyllande informasjon om dette  er sendt direkte til føresette i Visma. Her er nokre lenker til dokument som føresette må lese gjennom:

I tillegg vil me presisera følgjande som gjeld f.o.m. måndag 27.04 for Åkra skole sine elevar og tilsette:

  • Skulen er open kvar vekedag kl. 08:30 – 13:15, dvs. at me har fem undervisningstimar alle dagar.
  • Leksehjelp utgår då elevane ikkje får lekser med seg heim.
  • Alle skulebøker og Ipad må bli tatt med på skulen på måndag 27.04.
  • Bytteklede, drikkeflaske (tom) og Ipad (grunna lading), skal takast med til og frå skulen kvar dag.
  • Skulemjølk blir no automatisk reaktivert av Tine. Me får mjølk til elevane frå torsdag av og ein kan endre eller korrigere bestilling på www.skolelyst.no
  • Oppmøteplass; Gruppene skal nytte inngongar som er spesifisert i Visma melding frå kontaktlærar.
  • Elevane møter på skulen tidlegast klokka 08:15.
  • Føresette skal ikkje gå inn på skuleplassen eller i garderobar, om dei følgjer sine barn til skulen, stoppar dei ved skuleporten.
  • For elevar som kjem på SFO før skuletid gjeld følgande: Elevane går inn til sitt tildelte klasserom, der blir dei mottatt av vaksne. SFO etter skuletid er ute-SFO. Ta med klede etter været.

Me ønskjer elevane hjarteleg velkommen til skulen måndag 27.04, kl. 08:15