Gladmelding fra skulen

Sist oppdatert 10. mai 2020 15:15

No skal me endeleg starte opp att for alle elevane på Åkra skole. 

Måndag 11. mai byrjar 7. trinn, kl. 09:00 og tysdag 12. mai byrjar 5.- og 6. trinn, kl. 09:00.
Det er viktig at elevane ikkje kjem på skulen før tidlegast 08:50, me møter dei ute og viser dei til inngongsdørene elevane skal nytta heretter. Det vil vera tydeleg merka på inngongsdørene kor klassane skal gå inn.
Det blir ikkje heilt slik som me har vore vant til, men det blir godt å koma i gong att, og det blir nye måtar å tenka skule på. Her er me klare for å få elevane også på mellomtrinnet på skulen att. Me har rydda pultar, rom og tatt i bruk det meste som er tilgjengeleg på skulen for at me skal få dette til, samstundes som at smittevernreglane er ivaretatt. Det blir ulike tider for skulestart, skuleslutt og friminutt for mellomtrinn og småtrinn.
Skuleområdet ute er delt i 4 soner. 2 grupper/kohorter kan vera i same sone, men skal halda avstand til kvarandre.
Me ber om at elevane på mellomtrinnet tar med seg alle skulebøker første skuledag, dei skal liggja på skulen heretter.
Dei må også kle seg etter været, ein må forventa mykje uteaktivitet.
Anna informasjon om oppstart, retningslinjer og smittevernreglar for Åkra skole vil bli å finna heimesida til skulen. Me gler oss til å treffe alle saman.
Det som er viktigast å hugse på:
  • Vask hendene, ofte
  • Hold avstand
  • Unngå å handhelse
  • Vær heime om du er sjuk