Uteskule.

Onsdag var elevar og vaksne frå 6. trinn på sykkeltur til Ferkingstad. Vi kikka på blant anna eldre sjøhus frå vikingtida, gamal kongsborg og middelalderkyrkjegård frå 1300 talet. Tove og Anita formidla historiar med innleving og mykje kunnskap. Vi tok matpausen ved Fishermens memorial, eit minnesmerke til minne om sjømenn som omkom i USA. Det vart også tid til ein liten fotballkamp. Vêret var flott.  Under kan du sjå bilete frå dagen.