5. trinn på tur til Svaggane.

På torsdag var elevar og vaksne ifrå 5.trinn på tur til Svaggane. I flott sommarver studerte me livet i fjæra, fanga krabbar og naut sola. Det var mykje kjekt å sjå og gjere, men nokon blei litt skremde av alle potetrolla som invaderte leirplassane. Under kan du sjå eit utval bileter frå den kjekke dagen.