Sandslottkonkurranse for 4. trinn.

Fredag 12 juni, var elevar og vaksne frå 4. trinn, samla til den årlege store prestisjetunge  sandslottkonkurransen. I år med eigen tilpassa vri. I usedvanleg nydeleg sommarver fekk elevane nytta fantasien og kreativiteten til fulle. Medan elevane jobba og samarbeidde om byggjinga av dei  ulike motiva, ordna dei vaksne grillmat  til godt svoltne ungar. Skilpadden med gras og steinar, stakk av med tittelen beste byggverk, men det var ingen tvil om at alle hadde hatt ein kjekk dag på stranda.  Under kan du sjå eit utval flotte bileter frå dagen. Bileter med usedvanlig god kvalitet.