Aksjon mot hovudlus

Sist oppdatert 23. august 2020 14:18

Folkehelseinstituttet oppmodar alle skolar og barnehagar i landet til å ta del i nasjonale halvårlege aksjonar mot hovudlus som blir arrangert årleg i veke 10 og 35. Åkra skole skal delta i veke 35, helga 29. og 30. august.
Vi håpar at alle elevar på vår skole støttar opp om aksjonen slik at vi i fellesskap kan redusere luseplaga hos oss.
Kven bør sjekke seg for hovudlus?
Skoleelevane, dei tilsette på skolen og familiemedlemmene til barn og tilsette bør sjekke seg for hovudlus i aksjonsperioden. Jo fleire som sjekkar seg, dess fleire vil kunne oppdage om dei har lus og behandle seg slik at luseplaga blir redusert.