Angåande medieoppslag om Åkra skole

Sist oppdatert 15. september 2020 07:36

I helga blei skulen gjort kjend med at det var blitt vist ein destruktiv video på ein av elevane sin IPad. Videoen vart vist for nokre andre elevar på skulen. Me tek stor avstand frå slike negative filmsnuttar og videoar og me oppmodar føresette til å følgja nøye med på kva barna gjer på sosiale medier og kva sosiale medier barna brukar.  Det er viktig at føresette til elevar sjekkar og høyrer med barna om dei i andre samanhengar og kan ha sett slike eller tilsvarande videoar. Og at dei føresette heime snakkar saman med barna og følg med på korleis dei reagerer på det dei har sett. Me oppmodar alle til å følgje barnevakten.no og diskutere bruk av sosiale medier og ulike appar heime også. Me arbeidar kontinuerleg med nettvett på skulen, dette arbeidet gjer me saman med Redd Barna, Barnevakten og de føresette.

Hvordan redusere skremmende nyhetsinnslag i barnas apper