Rom for IMPRO.

Måndag 28 september, hadde skulen og 6. klasse besøk av dansaren Ida Utvik. «ROM FOR IMPRO» er ein danseworkshop, og i nesten ein klokketime fekk elevane båe sjå improdans, snakke om improvisasjon og improvisera sjølv. Elevane fekk læra ulike måtar å lage bevegelsar  på, og korleis vi enkelt kan variera måten vi dansar  og bevegar  oss. Elevane hadde ein kjekk og morosam økt med Ida, og under kan du sjå eit utval bileter frå workshop´en.

.