Beintøft 2020

«Beintøft» er Noregs største gå-til- skulen aksjon, for alle barneskoleelevar i heile landet. Den skal inspirera elevar til å gå, sykle eller reisa kollektivt til skulen.  I tidsrommet 31 august, til 25 september, har skulen registrert elevar som anten har sykla, gått eller blitt køyrd til skulen. I år kom 6A heilt i toppen i aksjonen, og fredag fekk  me besøk av arrangøren, der alle elevane fekk utdelt kvar sin premie, ein leskedrikk og ein buff. Det var stas. I tillegg er klassen med i trekning om ein flott pengepremie. Den landsomfattende konkurransen er over, medan den kommunale «Beintøft» aksjonen fortset frem til jul. Då er det moglegheit for ny heider og ære. Under kan du sjå bilete frå premie utdelinga.