Politi kontroll

Tysdag 27.10.20 hadde politiet ein trafikksikkerheitskontroll ved skulen.
Politiet stilte med tre uniformerte politibetjentar.
Barna fekk gode tilbakemeldingar bruk av sykkelhjelm, det var bra. Det var ikkje så mange som var flinke til å bruka refleks, men politiet hadde refleks med og delte ut til dei som ikkje hadde. Politiet minna på om at det er påbode med lys framme og bak på sykkel når det er mørkt ute. Kanskje det er lurt å ta ein sjekk av bremsar og lys på syklane heime?
I forhold til køyring av elevar med bil til skulen oppmoda politiet om at elevane som er i stand til det går eller syklar til skulen. Om føresette må køyra barna til skulen blir ein sterkt oppmoda om å sleppa barna av med fortauskanten på austsida av skolen. Me vil ikkje ha køyring framføre hovudporten Det skapar trafikkfarlege situasjonar for dei elevane som går eller syklar til skolen.
Elles er politiet nøgd med kontrollen av trafikkksikkerheita denne dagen:)