SFO i haustferien 2020

I haustferien på Åkra skole SFO har me drive på med aktivitetar som høyrer med i ein haustferie.
Me starta veka med kanotur på Litlefot vatnet i Kopervik på måndagen. Tysdag fyrte me opp bål i bålpanna og laga ei nydeleg grønsakssuppe på bålet. Seinare i veka blei det gjærbakst, leik inne i gymsalen og ute på fotballbana. Det blei laga flotte smykker og væsker og me hadde SPA og dans.
Ikkje minst så hadde me mykje god og verdifull leik på tvers av aldersgrupper då me var i same kohort i haustferien.
Tusen takk til dei flotte barna og vaksne som gjorde haustferien på SFO heilt super!