Forfattarbesøk- Arne Svingen.

Tysdag 3 november, hadde den kulturelle skulesekken invitert forfattar Arne Svingen til Åkra skule. Pga smitteverntiltak, vart besøket delt opp i tre økter, mellom 5. 6. og 7. klassingane. Arne Svingen har har vore forfattar i over 20 år, og har skreve over 100 barne og ungdomsbøker. I løpet av ein time, fortalte han blant anna om dei ulike prosessane han gjekk igjennom når han skreiv bøker. Frå ide til bok. Vidare fortalde han litt om korleis det er å vere heiltids forfattar. Han svarte også på spørsmål som elevane hadde førebudd. Han avslutta besøket med å lese høgt frå ei av bøkene sine. Under kan du sjå eit utval bilete frå besøket.