Skulestruktur sone 2

Hovudutvalet i oppvekst og kultur hadde i dag, torsdag 03.12.20. møte der saka om skulestruktur sone 2 var første sak på agendaen. På møtet blei det fremja eit nytt forslag:
“Karmøy kommunestyre vedtar å ikke endre forskrift om inntaksområder for Åkra skole, Sevland skole, Grindhaug skole og Ådland skole. Skolegrensene i sone 2 opprettholdes som i dag.”
Me er blitt høyrt!
Dette forslaget blei einstemmig vedtatt i hovedutvalget oppvekst og kultur. Saka skal no vidare til behandling i formannskapet og kommunestyret 14. desember.
Me vil takka alle som har engasjert seg i saka om endring av skolegrenser. Elevar, føresette, klassekontakter, FAU, personalet og tillitsvalde har gjort ein framifrå innsats for å markere engasjement og standpunkt og har bidratt stort med innspel til høyringa – dette skapar samhold og energi til vidare engasjement.
Saka er ikke ferdig før den er behandla i kommunestyret så her må alle saman fortsatt markera motstand mot endring av skulegrensene.