Informasjon om overgang til raudt nivå

Skolane i Karmøy går over til raudt nivå fram til påske. Skolen og SFO er stengt måndag 15. mars, for å klargjere skolen til raudt nivå.
Det blir lagt opp til heimeundervisning/arbeidsplan for elevane denne dagen. Lærarane vil ta kontakt gjennom Showbie/Teams. Personalet skal møta på skulen for å klargjere og organisera undervisninga framover.

Raudt nivå medfører ein del strengare tiltak i forhold til gruppering og sosial omgang, også på skolen. Meir informasjon om dette vil me informera grundigare om i løpet av morgondagen. Men me ser ikkje vekk fra at det blir ganske likt opplegget under raudt nivå i fjor vår.

Pressemelding fra Karmøy kommune
Opne skolar, men fortsatt raudt nivå
Anbefaler avgrensa fritidsaktivitet