Me går over til heimeundervisning

Smittetrykket på Hauglandet er høgt. Kommunane på Haugalandet, i samarbeid med Statsforvaltaren, har i kveld derfor bestemt at me skal gå over til heimeskule frå i morgon 17. mars tom fredag 26. mars. Det betyr at skulen er stengt f.o.m 17. mars t.o.m 26. mars.

Det vil bli høve til å hente utstyr/bøker frå skulen, som ein treng til heimeskule, fram t.o.m. kl. 15.00 i morgon. Frå torsdag av blir det heimeskule via teams.

Ein kan gjere avtale om omsorgstilbod for elevar som har føresette med samfunnskritisk funksjon. Ta kontakt med skulen dersom de har behov for dette. Det blir nok ein felles dugnad på oss alle, men saman skal me kjempe smitten ned. ALT SKAL BLI BRA! Ta kontakt med skulen dersom det er noko du lurar på.
Meir informasjon finn ein her.