Undervisning på raudt nivå etter påske?

Kommunane på Haugalandet  planlegg for å kunne opne skulane for undervisning på raudt nivå over påske dersom den lokale smittesituasjonen gjer det mogleg. Kommunane vil følgje smittesituasjonen gjennom påska, og vil gjere en ny vurdering påskeafta 3. april.

Dersom det blir opna for undervisning på raudt nivå, vil skolane bruke 6. april til å klargjere for dette nivået, og det vil derfor bli digital undervisning denne dagen.

SFO fortset som nå til og med 6.april.

Me kjem ut med oppdatering 3. april.

Hald avstand, vêr saman med få andre!

Me ønskjer dykk alle ein god og smittefri påske.