Leirskulen 2021.

Veke 18 var det tid for den tradisjonelle, lærerrike og kjekke leirskulen for elevar og lærarar på 6.trinn. Leirskuleopphaldet var todelt. I den eine økta, var det fokus på historie og vikingtida. Mellom anna så levde og budde elevane som trælar frå vikingtida, i flotte omgivelsar på Bukkøy. Dette under dyktig og kjekk leiing frå «vikingane», Trond Vidar og Maja. Den andre økta, gjekk føre seg i Visnes, med den interessante historia frå kobbergruvene i Visnes som bakteppe. Også her hadde vi dyktige «lærarar» i Annabella og Tim. At vi hadde vêret med oss, heile veka, gjorde opphaldet enda meir fantastisk. Takk for engasjement og entusiasme, med felles læring og oppleving, både for elevar og vaksne. Under kan du sjå eit utval bileter frå leirskule opphaldet.