Førskuledagen for neste skuleårs førsteklassingar vel blåst!

Det var nokre forventningsfulle og spente elevar som onsdag 9. juni, sto klar til sin aller første dag på Åkra skole. Flagget var heist til ære for dei. 
Elevane blei fulgt til skulen av foreldra sine, og veldig mange hadde allerede klar ransel og pennal. Dei blei ropt opp av rektor på skuleplassen, og inne i 1.klasserommet vart dei godt tekne imot av lærerane sine, og fekk tilvist ein sitjeplass av med namnet sitt på. Rommet, som blir deira klasserom neste år, er allereie i bruk som base for 1. Klasse og SFO. Dette gjorde at det var mange som kunne tenkje seg å gå rett i gong med leik og spel som var i rommet. 
Men her var det arbeidsoppgåver som venta! Alle fekk kvar sin plastkonvolutt med bokstavperler og tau. Bokstavane skulle dei tre på tauet slik at dei fekk bokstavane i namnet sitt. Dette blei eit fint armband. 

Klassen blei delt i to, slik at vi kunne ha ei koronavennleg samling. Her fekk dei høyre høgtlesingsbok medanresten av klassen jobba i arbeidsheftet sitt. 
Fadderelevane stod ute og venta på si faddergruppe. Fadderane har vore gjennom eit tre timars kurs med stor vekt på tryggleik. Innhaldet i kurset var både teori, workshop og rollespel. Kursmaten denne dagen var skuleboller fra Haugen bakeri, og alle får eit kursbevis i form av eit diplom.

På førskuledagane har fadderane ansvar for å vise dei små uteområde og bli kjent med fadderbarna sine. Stor stas! Dei fekk og eit hefte med heim der det var bilde og litt tekst om kvar av fadderane i gruppa.

Alt gjekk greit, og elevane var ganske så enige om at det hadde vore ein kjekk dag, og at dei hadde lyst å komme tilbake til Åkra skole.