Karmøy kommune innfører heimeundervisning frå 5. til 10. klasse (15.12.21)

Det innføres digital heimeundervisning for alle elevar frå 5. til 10. trinn i Karmøy kommune frå og med torsdag 16.12 og frem til juleferien. 

Kartlegging fra 1. til 12. desember viser 195 smittede elevar og 16 smittede ansatte fordelt på nesten samtlege skular i kommunen. Dei siste dagane er det registrert 15-20 nye smittede elevar kvar dag. Smitten i Karmøy er høg, og det har den vore over lang tid. Den er fortsatt stigande. Den Lokale helsetenesten er under høgt press. Videresmitte i skulen bidrar nå ein del til høgare smitte i andre aldersgrupper og andre deler av samfunnet. 

Digital heimeskule i 4-5 dager før juleferien for 5.-10. trinn anses på bakgrunn av dette som eit moderat inngripande tiltak. Dei eldste borna har større mulighet for å bidra til videresmitte. Digital undervisning for 5. – 10. trinn gir samstundes betre pedagogisk utbytte samla sett, enn å setje skulane på raudt tiltaksnivå for denne avgrensa perioden, gitt dei lokale forhold på mange skular i Karmøy. Sårbare born skal ivaretas med tilbod på skulen. 

Det innføres ikkje digital heimeundervisning for dei minste borna, da det er meir inngripande for dei med digital heimeundervisning. Det skal difor vere ein høgare terskel for å setje inn slike tiltak. Det er viktig for foreldre som er i arbeid, også i samfunnskritiske funksjonar, at det er eit skule- og barnehagetilbod tilgjengeleg for dei yngste. Det er også mindre smitte blant dei minste borna og dei er mindre smittsamme.