Corona informasjon

Åkra skole og SFO opnar f.o.m. måndag 27. april for 1.-4. trinn, for 7. trinn 11. mai og for 5. og 6. trinn 12. mai. Korrigeringar i smittevernstiltak f.o.m. 1. juni. Oppstart måndag 17. august 2020 på gult nivå i trafikklysmodellen.

Folkehelseinstituttet har laga ein trafikklysmodell med grønt, gult og raudt nivå som viser kva for smitteverntiltak barnehager og skoler skal følgje. Det er den generelle smittesituasjonen i Noreg som avgjer nivået som skal følgjast.
Me er no på gult nivå per 27.10.20.

GULT NIVÅ

På Åkra skole betyr det at  me har følgjande smittevernstiltak:

  • Oppstart kl 08:30 for alle klassar. Elevane møter tidlegast på skulen kl. 08:20. Viktig at elevar og føresette respekterer denne oppmøtetida. Elevar på SFO møter som normalt, SFO er open frå kl. 07:00.
  • Spesifikke inngangar og spesifikke toalett til klassar/kohorter
  • 15 minutts friminutt til ulike tider og i soner for småtrinn og mellomtrinn.
  • Matfriminutt blir felles, men på to uteområder. Eitt på skulen og eitt i parken. Områda blir delt mellom småtrinn og mellomtrinn. Parken og skuleområdet er delt inn i soner.
  • Fokus på god handhygiene og forsterka reinhald. Det er plassert ut antibac i alle klasserom og fellesrom.
  • Me ønskjer fortsatt at føresette stoppar ved skuleporten og ikkje følgjer barna inn i skulegarden eller garderobar. Unntaket er føresette til elevar på småtrinnet som har anledning til å levera og å henta , men må halda 1 meters avstand til andre utanfor sin husstand.
  • Klassane er delt inn som kohort.
  • Tilsette kan vera i fleire grupper/kohorter for gjennomføring av undervisning.
  • Innad i ein kohort kan elevar og tilsette omgås og leike saman
  • SFO er gruppert i kohort på trinn
    Når skal elevar og tilsette ikkje møta på skulen? 
    Korona – informasjon til foreldre om skulekvardagen

    Komplett endring av rettleiar finn de på Udir sine nettsider

Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby har på pressekonferansen 07.05.20 kunngjort at skulane i Noreg vidare skal opna for 5. – 7. trinn. Endeleg skal me koma i gong med alle elevane på skulen. Det er naturleg at det blir ein del endringar frå det som me er vane med, men det skal me få til på ein god og trygg måte som ivaretar både tilsette og elevar.
Skuledrifta blir slik framover:

  • 1.-4. trinn: skuledagen byrjar kl. 08:30 – sluttar kl. 13:15 alle vekedagar.
  • 5.-7. trinn: skuledagen byrjar kl. 09:00 – sluttar kl. 13:45 alle vekedagar.
  • SFO: er open frå kl. 07:00 – 08:30 og kl. 13:15 – 16:00.

    Plan for korleis oppstart blir og korleis me tar i mot 7. trinn måndag 11. mai  og 5. og 6. trinn 12. mai, er sendt på Visma melding til føresette. Meir info finn de i lenkene til høgre på denne sida.
    Me gler oss til oppstart.

Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby har på pressekonferansen 20.04.20 kunngjort at skulane i Noreg skal opna for 1. – 4. trinn. Endeleg skal me koma i gong igjen og elevane fra 1. – 4. trinn er først ute og skal skal få koma på skulen og treffa lærarar og elevar. Det blir ein del endringar frå det som me er vane med, men det skal me få til på ein god og trygg måte som ivaretar både tilsette og elevar.
Plan for korleis oppstart blir og korleis me tar i mot elevane måndag 27. april er sendt på Visma melding i dag. Meir info finn de i lenkene under.
Me gler oss til oppstart.
Plan for å unngå Corona-smitte – Åkra skole
Rettleiar til smittervern 1.-7. trinn grunnskulen.
UDIR har produsert video som alle elevar kan sjå i forkant av oppstart den 27.04.2020 for 1.-4. trinn

Barnetrinna (inkludert SFO) ved skulane i Karmøy kommune blir stengt frå og med fredag 13. mars 2020. Stenginga gjeld fram til og med 26. april 2020. Føresette blir bedt om å halde seg oppdatert på skulen og kommunen sine heimesider.

På bakgrunn av regjeringa sitt vedtak opnar skulane igjen for 1. – 4. trinn måndag 27. april. Dette gjeld også SFOSkulane vil framleis vera stengt for 5. – 10. trinn. 

 Det skal koma nasjonale rettleiarar som vil vera klare over påske. Desse vil omhandle blant anna smittekontroll og råd om risikogrupper. På bakgrunn av dette vil Karmøy kommune laga retningslinjer tilpassa lokale forhold ved den enkelte skule. 

 På denne måten vil me sikre ein trygg og god oppstart for både elevar og tilsette i skulen, med eit særlig fokus på dei som er i risikogrupper for alvorleg sjukdomsforløp av covid-19.


Stenging av barnehagar og skular i Karmøy

Me vil råda føresette til først og fremst å følgja med på Karmøy kommunes heimeside for å vera oppdatert på informasjon om Coronaviruset. Skulle det bli nødvendig å setja i verk særskilde tiltak vil me varsla via Visma Flyt skole og på heimesida vår.
https://www.karmoy.kommune.no/coronaviruset-fakta-rad-og-tiltak/

Her er nokre praktiske og faglege opplysningar frå og med fredag 13. mars fram til 08. mai:
Praktisk:
• Me ønskjer at kommunikasjon med leiinga eller lærarar skjer gjennom Visma Flyt skole, eller telefon (52 81 12 20, 52 81 22 19 eller 52 81 22 22), ikkje ved oppmøte på skulen.
• Alle foreldresamtalar er utsett, men dei vil bli gjennomført ved digitalt møte i Teams. Kontaktlærar kallar inn til møte i Teams og informerer føresette direkte
• Alle oppsette møter med barnevern, PPT og BUP er i hovudsak avlyst inntil vidare. Det blir opna for einskilde møter ved behov etter 24.04.20.
• All bruk av gymsal på ettermiddag (turn, drill, idrett m.m.) er avlyst inntil vidare. Gymsalen er stengd for all bruk for resten av skuleåret. Gymsalen blir nytta til lagerplass for pultar og stolar og som pauserom for deler av personalgruppa.
• SFO opnar frå måndag 27.04, etter påmelding i Visma. Det kan bli justert opningstid, men inntil vidare prøver me å få til å halda ope som vanleg. Dette kan endrast på kort varsel.

I tilfelle der ein føresett har samfunnskritisk arbeid og det ikkje lar seg gjere å skaffe barnepass for barnehagebarn og elevar i skulen, vil Karmøy kommune leggje til rette eit omsorgstilbud i barnehage-/skule-og SFO-tida ved barnet sin skule eller barnehage. Familiar som har behov for et slikt tilbod, må ta kontakt med sin skule eller barnehage.
Dette gjeld følgande grupper: (Oppdatert 04.05.20) Utfyllande forklaringar finn ein her.
• Barnevern
• Styring og kriseleiing
• Forsvar
• Lov og orden
• Helse og omsorg
• NAV
• Redningsteneste
• IKT-sikkerhet i sivil sektor
• Gravferdsbransjen
• Natur og miljø
• Forsyningssikkerheit
• Vatn og avløp
• Finansielle tenester
• Kraftforsyning
• Elektroniske kommunikasjonstenester
• Transport
• Satellittbaserte tenester
• Apoteka
• Reinhald

Fagleg:
• I dei neste vekene vil elevane våre på mellomtrinnet få opplegg for læring heime. Me nyttar Showbie/Teams og andre metodar/verktøy for å inspirera og setja elevane i gong med skulearbeid for å få utvida sin kunnskap og kompetanse.
Ein kan i tillegg til app, også logga inn i Showbie i ein nettlesar: https://my.showbie.com/
• Det vil dagleg liggja klar arbeidsplan/undervisningaopplegg i Showbie/Teams for alle klassar, ved spørsmål ta direkte kontakt med kontaktlærer for ditt barn, anten i Visma Flyt skole eller Showbie.
• Personalet på skulen er tilgjengeleg online, (Showbie eller Teams) for elevane og følgjer opp undervisning/arbeid som elevane gjer heime dagleg minimum mellom kl. 09:00 og 12:00. Personalet skal følgje opp elevar med undervisning og med hjelp og rettleiing gjennom Showbie/Teams eller gjennom samtale over telefon.
• Retningslinjer for bruk av chat og videomøte i Microsoft Teams er sendt som vedlegg i Visma melding til føresette, 29.03.20.

Helsedirektoratet har påpekt at barn som er heime fra skule og barnehage blir bedt  om å vera mest mogleg heime. Ein kan omgås søsken som vanleg, dette gjeld også barn fra skilde familiar som har fleire heim. Det blir ikkje anbefalt å samle fleire til felles aktivitetar eller leiketreff, men halde avstand for å hindre smitte. Meir info om dette her: Smittereduserande tiltak i samband med Coronavirus.

Here you will find brochures with general information translated to many different languages. The brochures can be downloaded as PDF files.
Films with general information about coronavirus are available on YouTube. The videos are translated to these languages: Norwegian, English, French, Arabic, Urdu, Tigrinya and Sami. Press her for the site.

Føresette  som ønskjer å drøfta ei bekymring for barn si psykiske helse som følgje av den pågåande situasjonen kan kontakta Karmøy PPT på telefon 947 95 471. Kontakttelefonen er open fra 9 til 11 og 12 til 14 på kvardager. Les meir her!

I samband med fjernundervisning legg me opp til at elevane skal ha treffpunkt med lærarane i Showbie og/eller i Teams på alle trinn. Me har til no berre prøvd oss litt fram med Teams i nokre klassar. På sikt vil det kanskje bli eit verktøy som me tar i bruk i alle klassar på vår skule. Inntil vidare skal me prøva det ut på 5.-7. trinn. Småtrinnet kjem kanskje med etterkvart. I samband med Teams krev enno meir fokus på nettvett og kommunen har i samband med det utarbeidd nokre retningslinjer for bruk av chat- funksjonen i Teams. Desse retningslinjene i dokumentoversikta til høgre og dei er også å finna her. Det er det viktig at skulen og føresette saman har god oversikt over korleis våre elevar og dykkar barn nyttar digitale medier, saman kan vi skapa gode haldningar og godt samspel, også på Internett.