Helsesjukepleiar

Sist oppdatert 17. november 2019 17:47
Helsesjukepleiar har kontortid på skulen tysdagar og fredagar fra kl. 09:00 – 14:00. Då kan elevane sjølve ta kontakt ved å koma innom kontoret som ligg ved sida av administrasjonen. Føresette er også velkomne. Helsesjukepleiar er også tilgjengeleg på telefon.
Føremålet med skulehelsetenesta er å fremja barn si psykiske og fysiske helse, trivsel og gode sosiale relasjonar og miljømessige forhold. Skulehelsetenesta har også fokus på å førebyggja sjukdom og skade.  Du kan ta kontakt med helsesjukepleiar om det aller meste, slik som:
  • Barn si utvikling og vekst
  • Kost og ernæring
  • Søvn
  • Hygiene
  • Psykiske problem, einsemd, isolasjon og tristhet
  • Problem i familien
  • Sorg
  • Rus
Helsesjukepleiar kan teffast på:
Telefon: 941 75 122
e-post: caol@karmoy.kommune.no
Skulehelsetenesta er knytt opp til Åkra helsestasjon som kan også kontaktast på telefon: 52 81 15 51