Trygt skulemiljø

Sist oppdatert 16. september 2019 23:32

Alle elever har rett på eit trygt og godt skulemiljø, som fremjar helse, trivsel og læring, jf. § 9a-2 i opplæringslova. Det er eleven si subjektive oppleving som er avgjerande for om skulen skal gripe inn.

Alle som arbeidar på skulen skal følgje med på at elevane har det bra.

Dersom ein vaksen kjenner til – eller trur – at ein elev blir mobba, plaga, eller på andre måter ikkje har det bra, skal den vaksne alltid

  • gripe inn og stoppe krenkinga med ein gong, dersom det er mogleg
  • seie i frå til rektor
  • undersøkja det som har skjedd

Rektor har ansvar for å laga ein plan og setje inn tiltak for at eleven igjen får det trygt og godt på skulen. Rektor skal informera eleven og eleven sine føresette om kva som blir gjort. Både eleven og føresette har rett til å bli høyrt i saken. Dette blir kalla for skulen sin aktivitetsplikt. Skulen skal alltid ta omsyn til barnet sitt beste i alle vurderingar.

Dersom ein elev opplever å bli mobba eller krenka av ein lærar eller andre som arbeidar på skulen, har skulen eit ekstra ansvar for å følgje opp saka, jf. § 9a-5 i Opplæringslova. Rektor skal da varsle skuleeigar, som vil følgje opp saka vidare.